Kva skjer?


Tur med Vikingskipet Borgundknarren!

Kvar onsdag kl. 13.00 fram til og med 11. august kan du ta turen med vakre Borgundknarren!

Som ein del av onsdagsaktivitetane kan du oppleve sjøen med vikingskipet Borgundknarren. "Knarren" er ein kopi av eit havgåande vikingskip, spesialbygd for handel.

Pris: Voksen kr 50 og barn kr 25

Les meir om skipet Borgundknarren

|Mer

Ta deg ein ro-tur!

På Sunnmøre Museum kan du i tida 1. juni til 31. august leige båt for ein time eller to, ein heil dag  - eller natta over om du vil.

Vi har færingar av ulike størrelsar og for ulik mengde personar. I tillegg har vi lavvu til leige og redningsvestar til låns. Det einaste du treng å gjere er å bestemme deg for en dag på sjøen!

Les meir

|Mer

I sommar er onsdagane barna sin dag

Kvar onsdag frå 23. juni og fram til og med 11. august er det barna sin dag på Sunnmøre Museum. Frå kl 12 til kl 16 er det liv og røre med ei spennande aktivitetsløype.

Snekkring av småbåtar, "arkeologisk utgraving", steiking av pinnebrød, tur med vikingskipet Borgundknarren og mykje meir! 

 

|Mer

Den Store Familiedagen

Søndag 22. august kl. 12-16 er dagen med liv og røre i alle hus og tun på museet. Og på utescena blir det ei fantastisk oppvisning med "Folktanzgruppe Stainz" frå Østerrike.

Lær å veve band, lag steinaldermat, potetkaker eller urtemedisin. Smak på vassgraut, bondebrød eller heimelaga søst.  Bli med på bueskyting, høyr spennende eventyr, sjå båtbyggaren og smeden i arbeid. Barrneriding med Dyreklubben og mykje meir!

 

|Mer

Draktregistrering på Sunnmøre

Bunadsnemda for Sunnmøre inviterar til draktregistrering i veke 35. Husflidslag, ungdomslag, bygdekvinnelag, sogelag og andre som har interesse for bunad oppmodast til å ta kontakt.

Registreringa er i regi av Bunad- og folkedraktrådet (BF), der seksjonsleiar Anne Kristin Moe, vil være tilstades. BF vil besøke bygdene Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda/Hellesylt.

|Mer

"Fyrbyggerne" - til salgs i museumsbutikken

Boka Fyrbyggerne er no til salgs i museumsbutikken på Sunmøre Museum. Dette er ei bok om den nasjonale kystleia og nokre av dei personane som var med på å bygge den.

"Fyrbyggerne er en bok om de som bygde kystleden. Her møter vi folk som dro til Finnmark da fyrene skulle gjenreises etter krigen, vi følger dem på lyktebygging langs norskekysten, under vedlikeholdsarbeid på fyrstasjoner og om bord i Fyrvesenets fartøyer. I boka er det fyrbyggerne selv som fører ordet"


"Hodet over vannet"

Stor aktivitet på museet, søndag 13. juni med liv og røre for store og små sjøulkar. Dagen hadde opplevingar knytt til båt og sjø for alle aldersgrupper.

Redningsselskapet kom på besøk med blant anna småbåten Elias. Friluftsrådet i Ålesund og Omland oppfordratil å prøve ein tur med kajakk, og Kystlaget utfordra til ro-knappen. Med Sunnmøre Museum kunne du ta ein tur med både småfæringen og trerøringen. Bilde frå dagen kan du sjå her :)


 

 


 Sommar på museet



 Film på museet

I januar 2010 nytta
filmselskapet Fuglefjellet 
museet som scene for filmen
"Mystique of Norway".
Filmen er vist i USA med
svært gode tilbakemeldingar

By Leif Johan Holand, Fuglefjellet







Mystique of Norway
By Leif Johan Holand, Fuglefjellet


By Leif Johan Holand, Fuglefjellet
Behind the scenes
By Leif Johan Holand, Fuglefjellet



 Sjekk veret på museet




 Utleige for selskap og arrangement 

Går du med bryllaupsplanar, skal feire ein "rund" dag
eller kanskje markere eit jubileum?

Sjå her for meir informasjon om utleige og prisar
for både privatpersonar og bedrifter